Landets beste sjømat? | Kvalitet i alle ledd | Våre fornøyde kundar

Click here to zoom on the image
 

 

Ei lang og ærerik historie!

Det er tredje generasjon Hjønnevåg som i dag, men ein viss stoltheit, kan leda ei tradisjonsrik bedrift med solid økonomi, sunn vekst og godt omdømme mot nye mål og nye eventyr.
For historia om Hjønnevåg er eit av mange industri-eventyr frå den værharde kysten vår. Den er eit eventyr som handlar om pågangsmot og vilje til å skapa noko av råstoffet i havet, men også om evne til å tilpasse seg nye tider med deira krav.

At krava er høge kan ein bokstaveleg talt sjå på veggane i bedrifta: Der heng fagbreva som seks av dei 12 tilsette har og diplomane som Hjønnevåg har fått i Norgesmeisterskapen i sjømatprodukt. Det har vorte andreplass tre gonger i dei seinare åra (2001, 2002 og 2004), to gonger for fiskepudding og ein gong for fiskekaker.



Møtte kjærleiken på Bryggen


Historia til Hjønnevåg er fascinerande. Korleis kunne sogningen Henrik hamna i Uskedalen? Som i så mange andre høve er kjærleik stikkordet!

Henrik var fiskar og dreiv med transport av fisk i brønnbåt, hovudsakeleg frå kyststroka nord for Bergen til Bergen. Under ei av mange landstigningar ved Bryggen traff han Gudrun Karina som arbeidde på kafe. Resultatet vart giftemål og snart kom fire ungar: Alf, Orlaug, Harald og Solveig.

I 1939 kom familien til Uskedalen. Henrik heldt fram med fisketransporten til krigen kom. Tyskarane konfiskerte båtane hans og han fekk dei att i skamfert stand. Då byrja han på hermetikkfabrikken i Beinavikjo og vart der til i 1948, då han starta eigen sjømatbedrift i Rosendal.

I 1951 bygde han hus på Nedre Fet med produksjonslokale på 35 kvadratmeter i kjellaren. Gudrun vart med i produksjonen. Omsetnaden auka og lokala vart for små. I 1958 bygde dei nytt produksjonslokale på 85 kvadratmeter på Eikelandet. Sønene Alf og Harald vart etterkvart med og rundt 1960 vart det nausdsynt å tilsetja to medarbeidarar til. Dei lokale fiskarane i Kvinnherad leverte det meste av råvarene, men det var og leveransar frå Bergen og Haugesund.
 


Neste generasjon tek over


I 1962 tok Alf og Harald over bedrifta, som då skifta namn frå H.B.Hjønnevåg til Brødrene Hjønnevåg. Seks år etter vart produksjonslokala utvida med 115 kvadratmeter til og dei fekk no ein heilt adskilt sjømatavdeling, betre kjølemoglegheiter og fryserom. I 1977 vart  bedrifta  aksjeselskap og aksjane vart delt likt mellom de to eigarane.

Men lokala vart atter for tunge og urasjonelle fordi omsetnaden auka, og i 1981 søkte Alf og Harald om ei ny utviding. Men dei fekk nei frå grunneigaren, fordi han skulle nytte resten av tomta sjølv.

Derfor måtte Hjønnevåg byggja heilt nye lokaler, og staden vart Børnes industriområde ein kilometer sør for den dåværande produksjonsstad. I november 1983 var den nye bygningen på 400 kvadratmeter klar, men den vart utvida med 150 kvadratmeter til alt i 1989. Seinare fekk dei ny lagerhall og nytt kjølerom.

No har Hjønnevåg 1200 kvadratmeter produksjonslokale av høg standard. Den tilfredsstiller dei strengaste krav i bransjen.
 


Generasjon nummer tre

No er det generasjon nummer tre som har teke over styringa, sjølv om Alf og Harald framleis står på. Alf tek seg av rekneskap, medan Harald er både produksjonsarbeidar, teknisk rådgjevar og sjåfør. Det er fem eigarar i Hjønnevåg. Dette er Marit og Inger(døtrer til Harald og Kari), Harald og Kari (kona til Harald) og Johannes (son til Alf).

Marit er utdanna faglærar i ernæring, helse og miljøfag og var lærar og kursleiar ved Norsk Sjømatsenter i Bergen før ho tok over leiinga av familiebedrifta. Hennar syster Inger, som er salssjef, er utdanna kokk. Broren Rune er næringsmiddelteknikar av utdanning og har ansvar for litt av kvart. Mor Kari er og med i produksjonen.

Så det er mye både kunnskap og erfaring som no er samla på ein plass på Hjønnevåg. Og det er trygt for deg som et maten vår; du skal vita at fiskekaka du nyt til middag idag er ein del av ei lang og ærerik historie om fiskaren Henrik og kjærleiken.

Kjærleiken til Gudrun - og kjærleiken til god, sunn og tradisjonsrik mat frå havet!!

 

 
 
Dette er Hjønnevåg | Ta gjerne kontakt! | Oppskrifter og mattips