NM i Sjømat 2023
I dag fekk Hjønnevåg gladmeldingar frå Trondheim og Sjømatbedriftene.
Hjønnevåg har henta heim 2 medaljer i NM Sjømat 2023.
Det blei 1. plass og gull i konkurransen for fiskepudding og 2. plass og sølv i konkurransen for fiskekaker.
Marit Hjønnevåg, dagleg leiar er stolt over dette gode resultatet og gledar seg til å reise til Trondheim i august for å motta medaljene.
Det er spesielt kjekt å vinne med våre gode tradisjonsprodukt i ein hard konkurranse med andre produkt.
Ho er stolt over arbeidarane sine som gjer ein god jobb kvar dag for å lage livsglad mat frå havet og er glad for kvar kunde som kjøper Hjønnevågprodukt.
For meir informasjon: