Ønsker du å jobbe med produksjon av kvalitetsprodukt for Brødrene Hjønnevåg AS?
Du kan då bli ein del av vår tradisjonsrike produksjonsbedrift i Uskedalen. Vi jobbar med å vera den beste leverandøren av røykevarer og fiskemat på Vestlandet!
Vi har eit godt arbeidsmiljø og jobbar kvar dag hardt med kvalitet, bærekraft, likestilling, helse, miljø og sikkerheit. Hos oss får du bare kjekke kollegaer i eit unikt produksjonsmiljø. Du vil få god opplæring og konkurransedyktige vilkår. Du kan også få moglegheit til å ta fagbrev.
Kvalifikasjonar
Aller helst så ynskjer vi at du har erfaring frå matproduksjon.
Du må gjerne ha fagbrev, men all relevant erfaring og kompetanse for produksjon blir vurdert.
På grunn av sikkerheit må du kommunisere godt på norsk/ skandinavisk.
Fleksibel, noko kveld -og helgearbeid (vaktordning).
Du må vera i fysisk god form, stillinga byr på litt tunge løft og rutinearbeid.
Du er strukturert, sjølvstendig, løysningsorientert og god på å prioritere og å håndtere fleire arbeidsoppgåver samtidig.
Du har godt humør, er punktleg, ryddig og nysgjerrig, likar å utvikle deg og lære nye ting, samt har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Eit ekstra pluss om du har teknisk kompetanse, truckførarbevis og bilsertifikat (klasse B).
For meir informasjon, søknad eller spørsmål, kontakt Marit: marit@hjoennevaag.com, tlf.41613870, www.hjoennevaag.com
Høyres dette ut som noko for deg? Send oss ein kortfatta søknad med oppdatert CV.
Søknadsfrist – Snarast, og innan 15.september
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Sjekk også FINN-kode: 365904728